Firdapodden Ingvild Imerslund og Anders Fitje
-
- Education
Ein podcast av og for lærarar. Ingvild Imerslund og Anders Fitje ved Firda vgs inviterer kollegaer og andre interessante personar og pratar om skulekvardag.
-
Ep4 (S04) Beredskap i ei postpandemitid - Kristian Starheim om COVID-pandemien
Sidan boka hans Pandemi, panikk og politikk nyss er utkomen, er vi glade for å frette ut kollega Kristian Starheim om den. Dette vart ein beredskapspodd om gode og dårlege erfaringar etter pandemitida - og nokre tips til forbetringar i framtida. Kven takla eigentleg covid best - vi eller svenskane? Og - er nordmenn klimaskeptikarar?
-
Ep3(S04) Fagforeininga kjem! Jorunn Tavares Kårstad om ein viktig bauta i skulen, i gode og onde dagar.
Jorunn er plasstillitsvald for Utdanningsforbundet på Firda, og snakkar om sine erfaringar i embetet så langt. Firdapodden er dessutan nysgjerrige på TikTok, og andre ting. Og Anders blir som vanleg grilla om litteratur.
-
Ep2 (S04) Jenny Lysholm Daviknes - engasjert om dramafaget i skulen, og mykje meir!
Eit nytt tilskot til dramaseksjonen på Firda er Jenny Lysholm Daviknes, som også er barnevernspedagog, flygande måke og paraglider. Ho er òg tidlegare firdaelev, og korleis det gjekk når ho kom attende og skulle være lærar her sjølv; ja, om dette og meir får du vite i den nyaste episoden av Firdapodden.
-
Episode 1 (S04) Besøk frå Huben! Om elevtenesta på Firda, med Jon Andre og Tove Hanne
Ein viktig byggestein på Firda er elevtenesta vår, og i 2023 har vi fått Huben, som kan vere eit pusterom i kvardagen for somme elevar, men med ein fagleg profil. Firdapodden har snakka med to som har mykje av sin kvardag der, miljørettleiar Jon Andre Rebbestad og prosjektleiar Tove Hanne Ommedal. Dessutan spelar vi litteraturkortspel!
-
Postkonferansepodd! Ferdaminne frå Firdapodden si ferd til LNU-konferanse i Tromsø, for norsklærarar - men med noko for ein kvar!
Landslaget for norskundervisning (LNU) skipa i helga til konferansen «Nordiske nøkler – Norden som inngang til norskfaglige rom» i vakre Tromsø, og frå den har Firdapodden laga ein podkast med TO gjester, Agathe og Julie, for vi var alle der og var svært fornøgde. Fokus i dag handlar like mykje om stoff som er relevant for alle f*g, som for norskfaget. Moro hadde vi det iallfall - og lærerikt. Om robotar, nabospråk, samisk og grammatikk - kva meir kan du forlange av EIN podkast?
-
Episode 6 (S03) Intervju med Simon Stranger!
Simon Stranger kom til Sandane, og vi spurte han om romanen hans, salssuksessen Leksikon om lys og mørke. Det vart ein finfin samtale om seglturar og psykologi, antisemittisme og ondskap, og om OULIPO! Og korleis var han som elev?